Vestland Fylkeskommune


Vi er Vestland fylkeskommune og vi utviklar Vestland! Vi er rundt 6500 engasjerte medarbeidarar som kvar dag jobbar for å skapa eit betre samfunn for alle som bur her. Vi utdannar ungdomen i fylket vårt i dei 45 vidaregåande skulane våre, og vi har ansvaret for viktige tenester som gjer kvardagen tryggare, enklare og betre for innbyggjarane våre.

Vi samarbeidar kvar dag for eit trygt, inkluderande og helsefremjande arbeidsmiljø , der alle medarbeidarane, leiinga, tillitsvalde og verneombod har viktige roller. HMS-planen vår er eit reidskap og ei rettesnor for eit godt arbeidsliv hjå oss.

«Vi er opptekne av at kvar einaste tilsett skal få bruka kompetansen sin, og kjenna seg sett, verdsett og ivareteken»
-HR- direktør

Gjennom Helsefyrtårn har vi:

1. Nærvær-prosjektet «Tett på», eit samarbeid med bedriftshelsetenesta Avonova kor vi fekk Arbeidsmiljøprisen 2024 for arbeidet med å redusera sjukefråværet frå 14 prosent til 8 prosent mellom reinhaldarane i fylkeskommunen.

2. Arbeidet med å vere ein inkluderande og likestilt arbeidsplass. I 2024 har vi starta på arbeidet med sertifisering i ordninga Likestilt arbeidsliv. Vi arrangerer Mangfaldsveka for å auke kunnskapen om mangfald i arbeidslivet. Vi har ei satsing på prosjektet Inkluderande rekruttering for å rekruttere breiare, og gje fleire høve til å vere ein del av arbeidslivet.

3. Vi har høg merksemd på psykisk helse. Kvart år markere vi verdsdagen for psykisk helse i heile organisasjonen, og i år har vi ei særskild satsing på sjølvmordsførebyggande kurs for tilsette.


Gi din stemme til årets helsefyrtårn


Til oversikt